FRAMSIDA

PRODUKTA

SALSSTADER

HISTORIKK

HALLINGKOST

SMÅPLUKK

KONTAKT OSS

Produkta

Rummebrød

Rummebrød er tradisjonsrik kaffimat frå Hallingdal – det finaste bakverket ein kunne servere. Eit tynt, porøst brød som smeltar på tunga. Rummebrødet kan serverast til både kvardag og fest. Tradisjonelt blir rummebrødet servert på stettefat, og ein bryt av det stykket ein vil ha.

I rummebrødeskane til Leveld Lefsebakeri er rummebrødet delt opp i 24 snippar. Men bakeriet lagar også heile rummebrødleivar på bestilling. Rummebrødesken er ideelle som gåve. Du får kjøpt den i bakeriet eller i butikkar over store delar av Hallingdal.

Innhald: Rumme, kveitemjøl, margarin, meierismør, byggmjøl og sukker.
Haldbar: 3-4 månader i djupfrysar (- 18 grader C) eller turt og kjøleg i tett innpakking.


Leveldlefse
Dette er ei lefse som ikkje er smurt. Den eignar seg svært godt ved sida av fisk. Leveldlefse smakar også godt som fingermat, fylt med anten rakifsk eller spekemat. Du får kjøpt den i bakeriet.


Lefseklypp
Vil du ha ein liten lefsesmak ved sida av kaffien, kan du kjøpe ein pose med lefseklypp. Dette er avskjer frå lefseklingen, men smakar like godt som lefsesnippar.

Lefsekling

Lefsekling er festmat i Hallingdal - gjerne servert ved sida av småmat. I barnedåp, bryllaup og andre festlege lag, høyrer småmat og lefsekling til. Me kan trygt kalle det nasjonalretten i Hallingdal. Men lefseklingen er like god til kaffien eller rakafisken.

Lefseklingen er forma som fine snippar. I ein eske lefsekling er det 10 snippar. Lefsekling er å få kjøpt i bakeriet eller i butikkar over store delar av Hallingdal.

Innhald: Kveitemjøl, vegetabilsk feitt, rumme, potet, mjølk, kulturmjølk, egg, rugmjøl, meierismør og sukker.
Haldbar: 3-4 mnd. i djupfrysar (- 18 grader C) eller 2-3 dagar i kjøleskåp i tett innpakking.

Gommokaku

Gommokaku er ein lokal klassikar - ein skikkeleg godbit. Kakeslaget har fått mange namn; Klevakaku, Rundekaku, Misjonskaku og Leveldpusu. Men dei fleste kallar bakelsen for Gommokaku.

Dette er kaffimat av beste slag. I tillegg er det praktisk turmat. Kva er vel likare enn ein tur til fjells, med saft på drikkeflaska, kaffi på termosen og gommokaku i sekken. Lettvint og greitt og utruleg godt!

I ein eske gommokaku er det seks kaker. Du får kjøpt den i bakeriet eller i butikkar over store delar av Hallingdal.

Innhald: Kveitemjøl, kulturmjølk, sukker, meierismør og hornsalt.
Haldbar: 3-4 månader i djupfrysar (- 18 grader C) 2-3 veker kjøleg i tett innpakking.