Produkta våre

Lokalt og laga for hand

Flatbrød

Potetflatbrød, tynt kjevla, steikt på takke. Smakfullt og passar til alle type middagar. Ypperleg til spekemat og rakfisk.
Me lagar også ein variant kor me kjevlar inn havsalt på toppen; ein mager snacksvariant.

Blir pakka i posar a 300 gram.

Innhald: Potet, mjølk, vatn, sammalt kveite, rugmjøl, byggmjøl og salt.
Haldbar: Minimum 1 år.
Blir selt i bakeriet, Ingunns Bakeri på Ål og Matkroken på Geilo.