Produkta våre

Lokalt og laga for hand

Lefsekling

Lefsekling er festmat i Hallingdal – gjerne servert ved sida av småmat. I barnedåp, bryllaup og andre festlege lag, høyrer småmat og lefsekling til. Me kan trygt kalle det nasjonalretten i Hallingdal. Men lefseklingen er like god til kaffien eller rakafisken.

Lefseklingen er forma som fine snippar. I ein eske lefsekling er det 10 snippar. Lefsekling er å få kjøpt i bakeriet eller i butikkar over store delar av Hallingdal.

Innhald: Kveitemjøl, vegetabilsk feitt, rumme, potet, mjølk, kulturmjølk, egg, rugmjøl, meierismør og sukker.
Haldbar: 6 mnd. i djupfrysar (- 18 grader C) eller 2-3 dagar i kjøleskåp i tett innpakking.