Historia
Mattradisjonane står sterkt i fjellbygda Leveld i Ål. Gjennom generasjonar har folk hausta av naturen og ført den rike matkulturen vidare. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn for Leveld Lefsebakeri.
I 1987 starta tre godt vaksne damer Leveld Lefsebakeri.
Dei oppdaga at den tradisjonsrike bakstekulturen var i ferd med å forsvinne. Det var ikkje lenger opplagt at den yngre generasjonen lærte seg bakstekunsten. Folk ville gjerne ha både rummebrød og lefsekling, men det vart stadig færre som kunne ta på seg slikt arbeid.

Leveld Lefsebakeri er medlem av Hallingkost.
Sissel Gurigard, Ågot Bergaplass og Ragnhild Luksengard starta opp i det små i eit kjellarlokale. Og utan å ha marknadsført seg i det heile, gjekk lefseklingen og rummebrødet unna frå fyrste dag. Dette var kvalitetsvarer av beste slag! Nokre år seinare vart kjellarlokalet for lite. Leveld Lefsebakeri flytta inn i sokkeletasjen på Coop Samhald i Leveld. I dag er også dette lokalet utvida, og staben er utvida til 12-13 personar på deltid. Leveld Lefsebakeri har oppfylt sine to mål: Å føre den lokale bakstetradisjonen vidare, og å skaffe deltidsarbeidsplassar i bygda. I dag er Ulrica Brunner Rundhovde dagleg leiar i bedrifta.