Produkta våre
Lokalt og laga for hand
Rummebrød
Rummebrød er tradisjonsrik kaffimat frå Hallingdal – det finaste bakverket ein kunne servere. Eit tynt, porøst brød som smeltar på tunga. Rummebrødet kan serverast til både kvardag og fest. Tradisjonelt blir rummebrødet servert på stettefat, og ein bryt av det stykket ein vil ha.
I rummebrødeskane til Leveld Lefsebakeri er rummebrødet delt opp i 12 snippar. Men bakeriet lagar også heile rummebrødleivar på bestilling. Rummebrødesken er ideelle som gåve. Du får kjøpt den i bakeriet eller i butikkar over store delar av Hallingdal.
Innhald: Rumme, kveitemjøl, meierismør, margarin, byggmjøl og sukker.
Haldbar: 6 månader i djupfrysar (- 18 grader C) eller turt og kjøleg i tett innpakking.