Vår Historie

Gardane i Leveld ligg som perler på ei snor oppe i dalsida. Dette er eit serpreg ved denne fjellbygda i Hallingdal. Her har folk hausta av naturen -på gardana nede i bygda og i dei flotte fjellområda innover mot Reinskarvet og Lauvdalsbrea. Tradisjonane står sterkt, også når det gjeld mat.

I 1987 starta tre godt vaksne damer Leveld Lefsebakeri. Ragnhild Luksengard, Ågot Bergaplass og Sissel Gurigard oppdaga at den tradisjonsrike bakstekulturen var i ferd med å forsvinne. Det var ikkje lenger opplagt at den yngre generasjonen lærte seg bakstekunsten. Folk ville gjerne ha både rummebrød og lefsekling, men det vart stadig færre som kunne ta på seg slikt arbeid.

Det er denne kunskapen som ligg til grunn for Leveld Lefsebakeri. Me er stolte av å føre vidare mattradisjonar tufta på kvalitet og ekte handverk.